NORFAG | Norsk fagoversetterforening


Finanstilsynet søker omsettar (norsk til engelsk)

Finanstilsynet søker omsettar (norsk til engelsk)

Seniorrådgivar/spesialrådgivar - Kommunikasjonsstaben - Finanstilsynet

Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 280 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo sentrum.

Vi søker ein medarbeidar som skal omsette rapportar, regelverk m.m. Stillinga er plassert i kommunikasjonsstaben, som har det overordna ansvaret for ekstern og intern kommunikasjon. I denne staben er vi sju medarbeidarar, som mellom anna har ansvaret for finanstilsynet.no og intranettet, mediekontakt og -overvaking, omsetting, språkleg og redaksjonelt tekstarbeid og den visuelle profilen til tilsynet.

Arbeidsoppgåver

  • Omsettaren har ei sjølvstendig rolle og administrerer sjølv arbeidet med omsettingane.
  • Omsette rapporten Finansielt utsyn (Risk Outlook) to gongar årleg.
  • Omsette Finanstilsynet si årsmelding, andre rapportar og dokument knytte til ulik rapportering.
  • Omsette enkelte rundskriv, pressemeldingar, brev og nettekstar.
  • Omsette og oppdatere omsettingar av lover og forskrifter på Finanstilsynet sitt ansvarsområde.
  • Ha kontakt med tekstforfattarar og andre fagpersonar i tilsynet for å kvalitetssikre omsettingane.
  • Delta i nokre andre oppgåver i kommunikasjonsstaben, som engelskkurs for tilsette, planlegging m.m.

Du vil i ein periode arbeide saman med vår noverande omsettar for å bli kjend med oppgåvene, og du vil ?g få vere med på å velje kva for verktøy som skal nyttast i omsettingsarbeidet.

Kvalifikasjonar

Det er ulike typar bakgrunnar som kan vere relevante for denne stillinga. Du bør ha god erfaring, minimum fem?ti år, gjerne frå offentleg sektor, enten som tilsett eller som frilans, og helst ha erfaring med omsettingsarbeid i finanssektoren (bank, forsikring, verdipapirverksemd m.m.) og god kjennskap til EU-regelverk.

  • Det er ein fordel om du har engelsk som morsmål og/eller har budd lenge i eit engelskspråkleg land.
  • God norskkompetanse.
  • Utdanning frå høgskole/universitet, gjerne på mastergradsnivå.  
  • Statsautorisert translatøreksamen er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Utdanning i økonomi, rettsvitskap eller kommunikasjon/journalistikk er ein fordel.

Du må kunne vise til eksempel på publiserte og gjerne offentleg tilgjengelege omsettingar på det samfunnsøkonomiske og juridiske området.

Prøveomsetting kan bli aktuelt.

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, men samarbeider ?g godt med andre.
  • Du er systematisk og har god gjennomføringsevne.
  • Du må kunne handtere korte tidsfristar i periodar då rapportar, pressemeldingar o.a. skal gjerast ferdige.
  • Det blir lagd vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling i eit hyggeleg og sosialt miljø med høg fagkompetanse.
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.
  • Pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
  • Treningsfasilitetar.
  • Tiltreding og lønn etter avtale.

Anna

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste.

Vi utfører bakgrunnssjekk av personen som blir tilsett i stillinga.

For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no.

Sjå heile annonsa her

 

 

(Publisert: 2018-04-18)